Cassie & Maggie

 Cassie og Maggie MacDonald er nye kometar på den kanadiske folkemusikkhimmelen. 

Cassie og Maggie MacDonald er nye kometar på den kanadiske folkemusikkhimmelen. 

Søstrene Cassie og Maggie MacDonald frå Nova Scotia i Canada, har gledd verda med sin heilt spesielle miks av keltisk tradisjonsmusikk og moderne folkemusikk, både instrumental og vokal. På konsertar både i USA og Europa har dei imponert publikum med gnistrande spel på fele, piano og gitar, og ikkje minst ‘søsken-harmoniar’ på vokal. Dei syng både på engelsk og gælisk, serverer raffinerte arrangement og praktiserer også den intrikate kanadiske stepdansen til fulle!

At Cassie og Maggie alt har henta heim ein del folkemusikkprisar, bør ikkje overraske nokon: I 2016 vart dei Singers of the year, og New group of the year. Chicago Irish-American Newspaper kåra plata deira til årets Female Vocal, berre for å nemne nokre av utmerkingane som har dryssa over dei i det siste. Dei to har funne ein perfekt balanse mellom musikalsk integritet og underhaldning, og er trufaste mot røtene sine i Nova Scotia; trygge nok til å utforske grensene for folkemusikken. Den foreløpig siste prisen mottok dei ved Canadian Folk Music Awards 2017 i slutten av november; Traditional Album of the Year for den keltiske roots plata The Willow Collection.

Be it their foot percussion accompanying driving Nova Scotian sets, their perfect blend of sibling harmonies, added to a stunning interplay on various instruments, a musical evening spent with Cassie and Maggie is a great night, altogether
— Irish Music Magazine

Onsdag 4. juli kl. 20.00 Cassie & Maggie
Haavebua, Florø


Torsdag 5. juli kl. 16.00 Kurs i Canadisk steppdans


Torsdag 5. juli kl. 20.00 Opningskonsert: Dansen i musikken - musikken i dansen!
Idrettshallen, Førdehuset


Fredag 6. juli kl. 22.30 Cassie & Maggie
Teltet, Pikant Restaurant & Bar  

CanadaTorill Faleide