Canzoniere Grecanico Salentino

Canzoniere Grecanico Salentino er som eit energisk fyrverkeri på scena. 

Canzoniere Grecanico Salentino er som eit energisk fyrverkeri på scena. 

Dei kjem frå Salento i Puglia, ‘hælen’ på den italienske støvelen, vart etablert i 1975 og er rekna som det eldste folkemusikkensemblet i Italia.  

Dansaren og dei sju musikarane i Canzoniere Grecanico Salentino har spesialisert seg på å blande det tradisjonelle og det moderne, og har vore sentrale i bølgja av unge utøvarar som har gått i bresjen for å løfte fram og fornye musikken og dansen i pizzica-tradisjonen frå det Sør-Italia, og gjort den tilgjengeleg for eit nytt og breiare publikum, også internasjonalt.

Som publikum på Canzoniere Grecanico Salentino sine konsertar får du oppleve den energiske pizzica-musikken som er sentral i det gamle pizzica-tarantata-ritualet; den frenetiske dansen som blir sagt å vere kuren som skal til for å bli frisk om du blir biten av ein tarantella! Fulle av energi, lidenskap, rytmar og mystikk tek Canzoniere Grecanico Salentino deg med på ei reise frå det tradisjonelle til det moderne - og tilbake.

Canzoniere Grecanico Salentino er kjende for samarbeid med komponistar og artistar både på heimebane og internasjonalt, som Ludovici Enaudi, Ballake Sissoko, Ibrahim Malouf, Piers Faccini og Steward Copeland i The Police. Dei har gjeve ut 18 plater, og også vore med å bygge opp den store La Notte della Taranta festival, som samlar meir enn hundre tusen publikummarar.

ItaliaTorill Faleide