XABIER DÍAZ & Adufeiras de Salitre

 

The Tambourine Man

Xabier Díaz er både musikar, komponist, forskar og songar, og spesialist på instrumentet Pandeireta Galega, den galisiske tamburinen. I Galicia nyt han kjendisstatus, mellom anna etter mange år som vokalist i den leiande folkemusikkgruppa Berrogüetto, i tillegg til samarbeid med ei rekkje store artistar. No gjer han suksess med eigne prosjekt, som til dømes The Tambourine Man. Her møter tamburinen hans 7 mauriske firkant-trommer, eller adufar, i den kvinnelege vokal- og perkusjonsgruppa Adufeiras de Salitre. I tillegg har han med seg Gutier Alvarez på dreielire og Javier Alvarez på toradar. Med plata The Tambourine Man sikra Xabier Díaz seg fleire nasjonale prisar, og topplasseringar på internasjonale platekåringar.

To år tok det å leite fram gamle voggesongar og folkesongar frå galisiske landsbyar; og gje dei nye arrangement og ny tolking gjennom Xabier Díaz si sjelfulle stemme; sikkert og elegant akkompagnert av songen og rytmen frå Adufeiras de Salitre. Díaz kan kunsten å kombinere det vakre i songen, musikken og det estetiske - til ei oppleving du vil hugse lenge!  

 
 

Xabier Díaz - vokal og perkusjon
Gutier Álvarez Vázquez - dreielire, fele
Pedro Pascual Alonso - toradar
Montserrat Garcia Santamarina Roade, Paula Bustelo Lueiro, 
Beatriz Mariño Rey, María Teresa López Blanco, Carolina Vazquez Castro,
Icía Sanmartín Novo
 og Gisela Sanmartin Novo - alle vokal og perkusjon

 

 

Konsertar:

torsdag 6 jul 2017 23:00
Sommarnatt på Jølster
Jølstramuseet
 

fredag 7 jul 2017 16:30
Xabier Diaz & Adufeiras de Salitre
Storsalen, Førdehuset
 

lørdag 8 jul 2017 20:30
Festivalgalla (inkl. Dansen går i Førdehuset)
Førdehuset, Idrettshallen


 

Musician, composer, folklore researcher, singer and expert exponent of the Pandeireta Galega (Galician tambourine), Xabier Díaz is a well-known figure on the Galician music scene. He was lead singer with award-winning folk revivalists Berrogüetto and has collaborated with many other leading artists. His latest project allies his tambourine with the adufe – a square frame-drum of Moorish origin used in Portugal. Indeed, not one but eleven adufes, wielded by the eleven women percussionists and singers of the Adufeiras de Salitre ensemble, augmented by Gutier Alvarez on hurdy-gurdy and Javier Alvarez on accordion.