ComboNations

 

Lyden av det fleirkulturelle landet vårt

ComboNations er initiert og leia av Javid Afsari Rad, den velkjende artisten, musikaren, komponisten, tradisjonsbæraren og kultur- og integreringsentreprenøren frå Iran og Norge, som frå 2016 er kunstnarstipendiat i Norge. Dei andre musikarane er blant dei leiande innvandrarmusikarane våre, med røter i India, Elfenbenskysten, Senegal, Marokko og Norge. Musikken dei spelar, er dels Afsari Rad sine komposisjonar, dels musikk komponert av dei andre i gruppa.

ComboNations er ein konkret manifestasjon på kor rikt og multikulturelt musikkmiljøet i den norske hovudstaden har utvikla seg til å bli, med musikarar som er virtuosar på sine instrument, ikkje berre i norsk målestokk men også internasjonalt. Dei har bakgrunn frå heilt ulike kulturar og musikktradisjonar, men her smeltar dei saman og skaper eit nytt musikalsk landskap og nye musikalske uttrykk. Leiken og ønsket om å bryte barrierer og krysse grenser har vore drivkrafta bak ComboNations, som gjev ut si andre plate våren 2017. Dette er lyden av det fleirkulturelle landet vårt!

 
 

Javid Afsari Rad – santur, musikalsk leiar
Solo Cissokho – kora
Harpreet Bansal – fiolin
Aissa Tobi – sintir, rabab
Adrian Fiskum Myhr – kontrabass
Diom de Kossa – perkusjon
Jai Shankar – tablas

 

Konsertar:

fredag 7 jul 2017 18:00
ComboNations
Teatersalen, Førdehuset