Väsen

 

Samspel – virtuositet - speleglede

Olov Johansson og Mikael Marin har spelt saman sidan 1980, då dei var lovande og uvitande tenåringar på veg mot toppen av hierarkiet i den nordiske folkemusikken. På vegen til endeleg form møtte dei Roger Tallroth under eit spelemannsstemne på Røros; og Nordens soleklart mest verdskjende folkemusikktrio var eit faktum. Sidan oppstarten for 27 år sidan har dei spelt eit ukjent tal konsertar på alle kontinent og i alle verdsdelar. Dei har begeistra publikum og ikkje minst inspirert andre musikarar over heile verda. Dei har til og med ei gate oppkalla etter seg i USA, Väsen street, i Bloomington, Indiana!

Musikken deira har røter på landsbygda i Uppland og i dei upplandske skogane. Det er hundre år gamal tradisjon som gjennom felles forståing og fingerspiss-kompetanse vert presentert i elegant gjennomarbeidde arrangement. Alle desse åra med samspel - og framleis den same spelegleda. Alle desse åra - og framleis den same indre inspirasjonen. I tillegg kjem alt det andre, jazz, rock, klassisk, og folkemusikk frå andre kulturar som vev seg inn til ein total heilskap som blir -  Väsen.

Til no har dei 16 platar i kofferten, og sidan den 17. er på veg, vil du truleg få nytt materiale servert frå bandet - i dei nydelege rammene på utescena på Sunnfjord Museum. 

 
 

Olov Johansson – nøkkelharpe
Mikael Marin – viola
Roger Tallroth – gitar

 

Konsertar:

lørdag 8 jul 2017 23:00
Nordisk klubb
Scandic Sunnfjord Hotel & Spa, Førde

søndag 9 jul 2017 17:00
Väsen
Sunnfjord Museum, Movika, Førde


SverigeTorill Faleide