Polka med støyt

 

Nytt liv i valsaspel frå Hardanger

Polka med støyt er ein trio som har som mål å blåse liv i ein gamal musikktradisjon frå Hardanger; valsaspelet, ekte gammaldansmusikk frå Hardanger. På starten av 1900-talet tok hardingane i bruk piano og trøorgel som akkompagnement til fela, eller såkalla «basing». Dette heldt seg til ut på 1960-talet. Medlemene i trioen har på ulike vis kome inn i valsaspelet frå Hardanger, men har det til felles at dei har vakse opp ved Sørfjorden: Magne på Lofthus, Siri i Odda og Øystein i Jåstadgrenda. I dag er dei busette høvesvis på Lillehammer, i Haugesund og på Ål i Hallingdal. Repertoaret har også vore felles for dei tre, og omfattar både polka med støyt, reinlendar, hamborgar og bygdedansar som springar og rudl.

Samarbeidet har ført til både plateutgjeving og dansespeloppdrag. Dette er flott dansemusikk å svinge seg til – og det har du rikeleg sjanse til under Førdefestivalen!

 
 

Siri Dyvik - hardingfele
 Øystein Velure - hardingfele
Magne Velure - piano

 

Konsertar:

torsdag 6 jul 2017 21:30
Dansen går i Førdehuset - torsdag
Festsalen, Førdehuset

Billett til Dansen går i Førdehuset er inkludert i billett til Opningskonserten - Klangen av Norden

Enkeltbillett til Dansen går kjøper du på billettkontoret i Førdehuset.

 

NorgeTorill Faleide