Molsky’s Mountain Drifters

 

Amerikansk felemeister med musikk frå Appalachane

Grammy-nominerte Bruce Molsky er ein av dei leiande felespelarane i USA. Han trakterer fele, banjo og gitar, og er i tillegg ein god songar. Molsky samarbeider med musikarar over heile verda, også i Norge. Her har han spelt med m.a. Annbjørg Lien og Ånon Egeland.

I sitt nyaste prosjekt, Molsky’s Mountain Drifters, dyrkar Bruce Molsky kjærleiken sin til folkemusikken frå Appalache-fjella – ei fjellrekke som strekk seg heile 1900 km frå Québec i Canada til Alabama i USA. I Molsky’s Mountain Drifters har han fått med seg Allison de Groot, som også elskar amerikansk «old-time music». Ho er kjend for sine to eigne grupper, The Goodbye Girls og Oh My Darling, som har turnert dei store folkemusikkfestivalane i Europa. Akkurat som Bruce Molsky er ho hekta på samarbeid, og det å fornye og friske opp tradisjonelle uttrykk.

Den tredje musikaren i trioen er Stash Wyslouch, representant for den unge generasjonen i amerikansk bluegrass. Han starta musikkarrieren i metal-band, men fann snart seg sjølv som medlem i rootsbandet The Deadly Gentlemen. Med eminent gitarspel og vokal, og ein dose punk-metall i blodet, tilfører han ein ekstra puls til trioen.

Molsky’s Mountain Drifters får æra av å spele den aller første konserten på den nye Klubbscena i Førde, på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa!

 
 

Allison de Groot - banjo
Bruce Molsky -  fele, banjo, vokal
Stash Wyslouch - gitar, vokal

 

Konsertar:

onsdag 5 jul 2017 20:30
Molsky's Mountain Drifters
Scandic Sunnfjord Hotel & Spa, Førde

torsdag 6 jul 2017 23:00
Sommarnatt på Jølster
Jølstramuseet


USTorill Faleide