Mari Andrea Ness

 

Mari Andrea Ness frå Viksdalen i Førde kommune. Ho er lokalpolitikar, og har representert Senterpartiet på fylkestinget i Sogn og Fjordane. I desember 2016 gjekk ho ut av styret for Førdefestivalen i 2016, etter å ha site der i så mange periodar som vedtektene gjev høve til. Mari Andrea har alltid dansa; på kappleikar og stemne, og alltid vore ei engasjert sjel i norsk folkemusikk. Ein periode budde ho i Sverige, og då gjekk det mykje i polska, ute og inne, på stemne og dansefestar, gjennom netter og dagar.. Og i år vil ho lære deg denne herlege svenske dansetradisjonen.

 
 

Kurs:

Lynkurs i polska - gratis

Torill Gundersen