Mamadou Diabaté

Mamadou Diabaté kjem frå ei såkalla jeli-familie i Burkina Faso; der historieforteljing og musikk har gått i arv i generasjonar. I Diabaté-slekta vil det seie tilbake til 1300-talet. Som femåring hadde Mamadou faren som lærar - og eldre brødre. Åtte år gamal byrja han i lære hos meistrar utanfor Sambla-kulturen, mellom anna hos den store meisteren, Daouda Diabaté i Tusia-regionen. Her la Mamadou Diabaté sjølve grunnlaget for sitt briljante balafonspel.

Eit par år seinare, 11 år gamal, rømmer Mamadou Diabaté heimanfrå i frustrasjon over at familien ikkje har råd til å betale skulegangen hans lenger. Denne hendinga er bakgrunnen for at Mamadou Diabaté i dag har etablert ein skule i heimbyen sin, som er gratis for alle. Han rømmer til Bobo Dioulasso, og held fram med musikk. Lærer seg å spele djembe, ngoni og fleire trommetypar. I 1988 blir han med i faren sitt suksessrike band som mellom anna går til topps i den TV-sende National Cultural Festival i Burkina Faso.

Eit tilfeldig møte i samband med ein film og TV-festival i Ouagadougou fører Mamadou Diabaté til Austerrike, der han får hjelp til å få balafonmusikken ut i Europa. Med Europa som utgangspunkt har Mamadou Diabaté spelt inn 11 plater og turnert det meste av verda. Han samarbeider med musikarar frå mange ulike kulturar, som Habib Koité, Ismet Tuchimat, Jon Sass, kora-virtuosen Mamadou Diabaté (!), Toumani Diabaté og vår eigen Terje Isungset, og er verdas leiande  representant for musikken frå Sambla-, Tusia- og Siamoukulturen.

Mamadou Diabaté har motteke ei rekkje plate- og musikkprisar, og spelt på alle dei store festivalane i Europa.

Konsertar:

fredag 7 jul 2017 09:30
Barnekurs:
Balafon med Mamadou Diabaté

Førdehuset

lørdag 8 jul 2017 20:30
Festivalgalla (inkl. Dansen går i Førdehuset)
Førdehuset, Idrettshallen

lørdag 8 jul 2017 23:00
Afro-karibisk dansefest!
Festivalsalen, 4. etg Scandic Sunnfjord Hotel & Spa, Førde