Maia Birkeland: ”Det vi har i lag”

Foto: Thomas Lyd

Foto: Thomas Lyd

 

Årets festivalutstilling er fordelt over tre ulike stader; eit kunstmuseum, eit kulturhistorisk museum og ute i det offentlege byrom. Dette er ikkje tilfeldig. Med denne plasseringa ynskjer eg å trekke linjer og referansar – mellom innhaldet i dei ulike verka og kontekstane dei befinn seg i.

Betegnelsar som fortid, samtid, framtid er flyktige. Dei er i stadig endring, frå år til år, frå århundre til århundre. I kvar tidsbetegnelse fins det individ, med kvar sin identitet og kvar sin kvardag. Det same gjeld for ein stad, eit rom, ein by – også den har si form for kvardag og identitet.

I vår tid har mange mogelegheita til sjølv å velge og bygge opp delar av sin identitet. Til dømes kan eit samfunn bestemme at ein del av dets identitet er å ta vare på fjordane sine. At reine fjordar er noko av det ein ynskjer å ha i lag, med dei som har kvardagen sin no, og med dei som har kvardagen sin i framtida.

Maia Birkeland (f.1978) er utdanna ved Kunsthøgskulen i Oslo og Glasgow School of Art, med mastergrad i Medium- og materialbasert kunst frå 2015. Gjennom tekstil, tekst, skulptur og installasjon arbeider ho med tematikk som kretsar rundt den gjensidige påverkinga mellom menneske – menneske, stad – menneske og menneske – stad.

 
 

Konsertar:

onsdag 5 jul 2017 18:30
Maia Birkeland: "Det vi har i lag" - OPNING!
Sogn og Fjordane Kunstmuseum

NorgeTorill Gundersen