La Porteña Tango Trio & Eugenia Giordano

 

Vakker og sensuell tango - direkte frå Buenos Aires

La Porteña Tango Trio er rekna som ei av Argentinas mest spennande tango-grupper i dag. Med den fabelaktige gitaristen Alejandro Picciano i spissen, har dei bygd opp eit repertoar som spenner frå dei gamle kreolske valsane og dei første tangoperlene på 1920-talet, tida før geniet Astor Piazzolla sette sitt preg på argentinsk tango, og heilt fram til den nyaste, innovative og moderne versjonen av denne argentinske musikkskatten.

Saman med vokalisten Eugenia Giordano, som er gjesteartist på La Porteña Tango Trio si siste plate, og danseparet Amira Luna og Damián Roezgás, finalistar i tango-VM i 2015, kjem dei til Førdefestivalen med eit grasiøst tangoshow i verdsklasse. Musikarane, songaren og dansarane gjenskaper atmosfæren på tangobarane i Buenos Aires, og formidlar historia om korleis den argentinske tangoen har utvikla seg til å bli ein av dei mest verdsette musikk- og dansetradisjonane i verda. Dei har allereie turnert i 20 land og 4 kontinent – no er dei klare for Førdefestivalen!

 
 

Eugenia Giordano - vokal
Federico Peuvrel
Alejandro Picciano
- accordeon
Matias Picciano
Amira Luna og Damian Roezgas
- dans

 

Konsertar:

onsdag 5 jul 2017 20:00
La Porteña Tango Trio
Haavebua, Florø
 

torsdag 6 jul 2017 15:30
Argentinsk tango - dag 1
Førdehuset
 

fredag 7 jul 2017 09:30
Argentinsk tango - dag 2
Førdehuset
 

fredag 7 jul 2017 15:00
La Porteña Tango Trio - fredag
Klubbscena, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa


ArgentinaTorill Faleide