Jigme Drukpa

 

Allsidig musikar frå Himalaya

Jigme Drukpa kjem frå Wongchelu i aust-Bhutan, landet som måler sin framgang i «Brutto nasjonal lykke»! Bhutan ligg i Himalaya i Sør-Asia, langt frå Norge. Han er likevel godt kjend med norske forhold, sidan han studerte folkemusikk på Raulandsakademiet og har hovudfag i etnomusikk frå Griegakademiet i Bergen på 90-talet. Etter mange år i Norge snakkar han godt norsk, og har turnert fleire gonger med Rikskonsertane (no Kulturtanken).

Drukpa er ein kjend og kjær musikar og pedagog i heimlandet, og ein ambassadør for den lokale folkemusikken. Drukpa har òg turnert internasjonalt og har gjeve ut plata Endless songs from Bhutan.

Jigme Drukpa er ein allsidig musikar som syng, dansar og spelar fleire typer fløyter (lim), lutt (dranyen) og munnharpe (kongtha) frå Bhutan. Han framfører gjerne eigne dikt og underviser i lokale folkedansar frå heimlandet. Som musikar har han ei svært god evne til å komme i kontakt med publikum, og han trivst ekstra godt når han for opptre for born og eldre.

Under festivalen møter du Jigme både som instruktør på musikkverkstad for born og som musikar på det nye, spektakulære utsiktspunktet på Gaularfjellet, dit vi arrangerer søndagstur!

 
 

Konsertar:

lørdag 8 jul 2017 12:30
Barneverkstad: Munnharpespel og dans frå Bhutan
Førdehuset

søndag 9 jul 2017 10:00
Søndagstur til Gaularfjellet
Utsikten, Gaularfjellet


BhutanTorill Faleide