Javid Afsari Rad Trio

Javid Afsari Rad er artist, musikar, komponist, tradisjonsberar og kultur- og integreringsentreprenør frå Iran og Norge, busett i Oslo. Han kom til Norge som flyktning i 1986, har studert klassisk persisk musikk i Iran, og musikkvitenskap ved Universitetet i Oslo.

Javid spelar fleire instrument, men hovuinstrumentet er persisk santur. Gjennom dei 30 åra han har vore i Norge, har han hatt stor innverknad på det norske musikklivet. Han har etablert ei rekkje ensemble, frå denne trioen med Harpreet Bansal på fiolin og Tove Erikstad på cello, til ComboNations, som også spelar på festivalen, Rumi Ensemble og Norwegian World Orchestra. Som komponist er han sterkt inspirert av persisk musikktradisjon, men brukar også element frå vestleg musikk. Turnéane hans har teke han over det meste av verda, og han har ei rekkje tingingsverk på cven både i inn og utland, mellom anna til Kringkastingsorkesteret.

I 2008 mottok han prisen som Årets artist av Oslo kommune, og i 2016 vart Javid Afsari Rad tildelt statsstipendiat av Kulturdepartementet.

Javid Afsari Rad santur
Harpreet Bansal fiolin
Tove Erikstad cello

Konsertar:

torsdag 6 jul 2017 23:00
Sommarnatt på Jølster
Jølstramuseet

fredag 7 jul 2017 16:00
Møt artisten: Javid Afsari Rad - Fri entré
Utstillingssalen, Førdehuset

Iran, NorgeTorill Faleide