Hamid Sakhizada

Sterke historier og truga musikk frå Hazara-folket.

Hamid Sakhizada kjem frå Afghanistan, men er no ein av to fribymusikarar i Harstad, etter at han måtte flykte frå det taliban-styrde heimlandet sitt i 2015. Sakhizada er ein populær musikar, klassisk utdanna, men med ein nesten altoppslukande lidenskap for dambora og afghansk tradisjonsmusikk, som han meiner er i ferd med å forsvinne. For å løfte fram folkemusikken frå Hazara-provinsen, melde Hamid seg på fleire song- og musikkonkurransar på afghansk TV, mellom anna i Asias svar på Melodi Grand Prix og afghansk TV sitt svar på Idol.

Hamid Sakhizada arbeidde hardt og gjorde karriere. Etter kvart starta han også ein musikkskule for å undervise elevar i Hazara-tradisjonane. Fleire gonger opplevde han trugsmål og trugande situasjonar, og då to av musikkelevane hans vart kidnappa i 2015, vart situasjonen uhaldbar. Ein av studentane vart torturert, men sleppt fri, den andre vart drepen. For litt over eit år sidan prøvde nokon å trenge seg inn i huset til Hamid og kona, og dei såg seg nøydde til å flykte frå heimlandet. Før jul i 2016 kom dei til Harstad, den einaste norske fribyen dedikert til musikarar på flukt.

Hamid Sakhizada har ei sterk historie og ei inderleg vakker stemme. Damboraen er eit enkelt instrument, som i hendene på Hamid gjev både rytme og melodi til den suggerande musikken frå Hazara-provinsen. Under festivalen får du møte Hamid i dei intime stovene på Jølstramuseet; det kan ligge an til musikkmagi frå Afghanistan midt i sommarnatta på Jølster.

Konsertar:

torsdag 6 jul 2017 23:00
Sommarnatt på Jølster
Jølstramuseet