Folk All-in Band

 

Svensk powerfolk i storformat!

Folk All-in Band er storbandversjonen av tradisjonell folkemusikk. Her får du full pakke! Eit mektig rytmisk samspel og bogar i pardans med ein samansveisa brasseksjon får klassiske folketonar til å høyrast som om det var slik dei skulle spelast - alltid. Leiaren for bandet, Karl-Johan Ankarblom, som elles skriv musikk for kongelege (!) og klassiske orkester, etablerte Folk All-in Band for å få ut den store lidenskapen han har for spelemenn og for folkemusikken. Han samla favorittane sine i folkemusikk-Sverige for å tolke tradisjonen på nytt. Resultatet er ein spelemannsfest du seint vil gløyme.

Saman med Gudbrandsdølenes spelemannslag utgjer musikarar frå Folk All-in Band grunnstammen i årets store temasatsing, Nordic Folk Sound Orchestra, eit 40 manns orkester som skal stå for den offisielle opningkonserten på festivalen, torsdag 6. juli, saman med komponistar og solistar frå Norge, Sverige, Finland og Danmark.

 
 

Lena Jonsson  - fele
Anna Lindblad - fele
Linnea Aal Campbell - fele
Adrian Jones – 5 strengsfele
Jonas Bleckman - cello

Elin Andersson - trompet
Stefan Stensson Mathiesen - altsaksofon
Kristoffer Siggstedt - trombone
Daniel Reid – baryton saksofon

Adam Johansson - gitar
Karl-Johan Ankarblom - keyboard
Kristofer (Krydda) Sundström - bass
Rolf Landberg - perkusjon
Jonathan Lundberg - trommer

 

Konsertar: 

fredag 7 jul 2017 23:00
Fredagsfest:
Daimh og Folk All-in band

Festplassen

lørdag 8 jul 2017 20:30
Festivalgalla (inkl. Dansen går i Førdehuset)
Førdehuset, Idrettshallen


SverigeTorill Faleide