Félix Lajkó Trio

«Djevelens fiolinist og Voivodinas Paganini»

Félix kjem frå byen Topolya i Ungarn, i Voivodina, ein multi-etnisk og fleirkulturell region i dagens Serbia. Han kjem frå ein svært musikkglad ungarsk familie, men er den første i familien som har valt musikk som yrke. Til han gjekk ut av vidaregåande skule var siter instrumentet hans, men som student reiste han til Budapest med lånt fele for å bli medlem i Dresch Quartet, og no er han ein virtuos på begge instrument! Gjennom sitt virke ynskjer han å styrke dei kulturelle banda mellom sitt nye heimland Ungarn og Voivodina i Serbia.

Félix Lajkó vert ofte omtala som djevelens fiolinist og Voivodinas Paganini, i tillegg til å vere eit vidunderbarn, sjølvsagt. I følgje han sjølv spelar han ikkje «moderne» musikk. -Eg improviserer og komponerer på min eigen måte, utan tanke på sjanger. Det er folkemusikk, klassisk, rock, blues, jazz og improvisert musikk om ein annan! seier han. -Det handlar først og fremst om kva som er mogleg med instrumentet eg spelar.

Félix Lajkó kan utrette det utrulege, det vere seg med siter eller fele. Han har stått på alle dei store scenene, og spelar jamnleg med musikarar som Alexander Balanescu og Boban Markovic. Han imponerer sjølv det meste kresne musikkpublikummet. Frå han slår første tone i konserten, forstår du at talentet hans er spesielt.  Gå ikkje glipp av dette, for du har truleg ikkje høyrd maken!

Konsertar: 

fredag 7 jul 2017 15:00
Felix Lajkó Trio
Festsalen, Førdehuset


UngarnTorill Faleide