Fargana Qasimova Ensemble

Stor stemmeprakt og åndeleg mugham-lidenskap.

Som dotter av den verdskjende songaren Alim Qasimov (Førdefestivalen 2005) har Fargana vakse opp med lidenskapleg mugham-song og tradisjonelle, åndelege songar frå omreisande poetar og musikarar. Med faren som læremeister, mellom anna ved at Fargana har vore med på turnéane hans, har ho utvikla sitt eige musikalske uttrykk og byrja på sin eigen songkarriere for fullt.

Dette er den klassiske historia om ei far-dotter-overføring av ein stor songtradisjon. Musikken deira har dei same røtene, men med si eventyrlege stemmeprakt løftar Fargana musikken inn i si eiga samtid og skaper sitt personlege uttrykk. Her er det berre å late att augene, og la songen føre deg langt mot aust ein stad – eller inn i deg sjølv.

In collaboration with the Aga Khan Music Initiative, a programme of the Aga Khan Trust for Culture.

Konsertar:

lørdag 8 jul 2017 14:00
Fargana Qasimova
Ensemble

Teatersalen, Førdehuset

lørdag 8 jul 2017 15:00
Møt artisten:
Fargana Qasimova - Fri entré

Utstillingssalen, Førdehuset

lørdag 8 jul 2017 20:30
Festivalgalla (inkl. Dansen går i Førdehuset)
Førdehuset, Idrettshallen