Elle Márjá Eira Trio

 

Ho målbind med sitt personlege uttrykk.

Elle Márjá er ein multikunstnar og eksportvare frå Kautokeino i Nord-Norge. Ho har for lengst hevda seg som ein av Sápmis fremste konsertartistar, og er kjend for å målbinde publikummet gjennom sitt personlege uttrykk. Som ung lærde ho seg å joike før ho kunne snakke, og det gir seg utslag hjå Elle Márjá, ein erfaren artist trass ung alder.

Elle Márjá uttrykker tekstane sine i eit audiovisuelt landskap, og med film og musikk tek ho oss med inn i eit heilt eige univers. Gjennom musikken fortel ho personlege historier frå sin eigen bakgrunn som reindriftssame, og leikar med overgangane mellom improvisasjon og iscenesetjing.

Det musikalske uttrykket ligg ein stad i skjeringspunktet mellom joik, elektronika og verdsmusikk. Stemma hennar er mektig og skjør på same tid.

Elle Márjá har fått strålande kritikkar både i Norge og i utlandet, og vert hylla for visuelle, gripande og unike konserter.

 
 

ELLE MÁRJÁ EIRA - vokal

MORTEN HYLD PETTERSEN - elektronikk, gitar

KARL RUNE RUBACH - elektronikk, gitar

 

Konsertar:

fredag 7 jul 2017 11:30
Møt artisten:
Elle Márjá Eira - Fri entré

Utstillingssalen, Førdehuset

fredag 7 jul 2017 13:30
Elle Márjá Eira Trio
Teatersalen, Førdehuset
 

lørdag 8 jul 2017 20:30
Festivalgalla
(inkl. Dansen går i Førdehuset)

Førdehuset, Idrettshallen


SápmiTorill Faleide