Dáimh

Keltisk folkemusikk i si fulle breidde.

Årets Folk Band of the Year i Scots Trad Music Awards, Dáimh, kjem frå Lochaber, den idylliske vestkysten i det skotske høglandet, kanskje like mykje kjend for sine øyar, fjord og fjell som for sin rike musikk- og kulturarv. Dáimh, som forresten skal uttalast «daiv», er det skotsk-gæliske ordet for slektskap eller blodsband, og signaliserer at dei fem bandmedlemmene tek sine musikalske røter på alvor. Dei har vore ein farsott på festivalar både i Skottland, Irland og i Europa. I 2014 gjekk dei til topps i European Folk Music Award.

Med desse skottane på scena, får du oppleve keltisk folkemusikk i si fulle breidde. Dáimh serverer alt frå pyrotekniske «jigs and reels» til «smertelege» balladar; i stødig miks mellom eigne komposisjonar og tradisjonelle gæliske songar. Dei har spelt inn fem plater og får stor kred for konsertprestasjonane sine. Er du blant dei mange som har tapt ditt hjarte til irsk og keltisk musikk, er Dáimh-konserten på årets festival ein skikkeleg godbit få med seg!

This is a great Gaelic band and definitely worthy of the title Gaelic Super Group.
BRIGHT YOUNG FOLK

Konsertar:

fredag 7 jul 2017 23:00
Fredagsfest: Daimh og Folk All-in band
Festplassen


SkottlandTorill Faleide