Bitori & Chando Graciosa 

 

Funana - den forbodne musikken frå Kapp Verde

Etter 20 års pause har den 78 år gamle legendariske trekkspelaren Bitori samla bandet sitt igjen, for å gje verda ein ny dose av dei energiske og medrivande rytmane i den forbodne dansemusikken frå Kapp Verde, funana.

Dei portugisiske koloniherrane såg på funana-musikken som øyfolket sin draum om fridom. Musikken var håpet deira, og gjennom den fekk dei utløp for frustrasjonane sine. Funana var difor bannlyst fram til Kapp Verde fekk sin fridom i 1975. Victor Tavares, alias Bitori, var sjølvlærd på trekkspel, og med sin eigen spelestil revolusjonerte han funanamusikken. Så seint som i 97 vart Bitori invitert til Rotterdam av Chando Graciosa, for å spele inn den første funanaplata. Denne vart ein formidabel suksess og til stor inspirasjon for ein heil generasjon av musikarar på Kapp Verde.

Nesten 10 år etter blir plata utgjeven på nytt av Analog Africa. No får Bitori også med seg mellom andre to av Cesaria Evora sine musikarar gjennom 12 år, og hans første internasjonale turné er eit faktum. Sidan 2015 har Bitori (78), songaren Chando Graciosa og funana-rytmane teke det internasjonale festivalpublikummet med storm. No er det Førde sin tur!

 
 

Chando Graciosa - vokal, ferro (metall skrapar) scraper)
Vitor Tavares Gaita - trekkspel
Miroca Paris - perkusjon, vokal
Toy Paris - tromme, vokal
Danilo Tavares - bass, vokal

 

Konsertar:

lørdag 8 jul 2017 13:00
706 moh: Bitori
Hafstadfjellet, Førde

lørdag 8 jul 2017 23:00
Afro-karibisk dansefest!
Festivalsalen, 4. etg Scandic Sunnfjord Hotel & Spa, Førde


Kapp VerdeTorill Faleide