Baltic Crossing

 

Finsk-dansk-britisk høgenergi med ein dose galskap og humor.

Baltic Crossing er fem høgaktive musikarar frå den nord-europeiske folkemusikkscena. Dei har spelt saman sidan 2004, og kome ut med to kritikarroste plater som begge har vore nominerte ved Danish Music Award. Plate nummer tre kom I 2014, som ei feiring av 10-årsjubileet.

Varemerket til Baltic Crossing er energisk musikk med røter i keltiske og nordiske tradisjonar. Dei drivande gode musikarane osar av overskot og speleglede, og sper godt på med humor og skrøner.

Dei har turnert dei fleste store folkemusikkfestivalane i Norden og UK, og opparbeidd seg eit mildt sagt godt rykte som konsertband. Baltic Crossing var det første folkemusikkbandet som vart valde ut til det prestisjefulle turnéprogrammet, “Rising stars”, i regi av Europas førande klassiske konsertscener, som Wiener Konzerthaus, L’auditori Chamber Music Hall i Barcelona, Athens Concert Hall, med fleire.

Det er sjølvsagt på høg tid at Baltic Crossing dukkar opp i Førde!

Medlemene i gruppa er kvar for seg kjende frå: Frigg (FI/NO), KAN (UK), Jez Lowe and the Bad Pennies (UK), Tsuumi Sound System (FI), Lydom, Bugge & Høirup Trio (DK), Jensen & Bugge (DK) og Habadekuk (DK).

 
 

Ian Stephenson [UK] - gitar, toradar-harmonika
Andy May [UK] - Northumbrian sekkepipe, piano
Esko Järvelä [FI] - femstrengs fele
Antti Järvelä [FI] - mandolin & kontrabass
Kristian Bugge [DK] - fele

 
 
 

Konsertar:

fredag 7 jul 2017 17:00
Baltic Crossing
Håjen kafé, Naustdal

lørdag 8 jul 2017 23:00
Nordisk klubb
Scandic Sunnfjord Hotel & Spa, Førde


UK, Finland, DanmarkTorill Faleide