Asere

ASERE - Cuba

Autentiske cubarytmar med moderne vri

Den cubanske gruppa Asere kjem til Europa etter å ha spelt 65 konsertar i USA med sitt nye repertoar. Bandet tel elleve mann som trakterer både horn, strenger, vokal, tres, gitar, bass og eit arsenal av perkusjon. I 2017 er det 20 år sidan Asere kom ut med si første plate og turnerte i Europa for første gong.

Gruppa vart etablert i Havana i 1996 av ei gruppe unge musikarar som ville utforske musikktradisjonar som i lengre tid meir eller mindre var ignorerte av deira eigen generasjon. Same år vart dei oppdaga av Totó la Momposina (Førdefestivalen 2015) og manageren hennar, John Hollis, då desse vitja Cuba. I dei 20 åra som har gått, har Asere gjort mykje for å spreie autentiske cuba-rytmar i frisk og moderne tapping, ut til resten av verda. Med djup respekt for tradisjonen og sine forfedrar har dei skapt sitt eige musikalske uttrykk med innovative songtekstar og ny energi. Den vidgjetne cubanske musikaren Eliades Ochoa omtalte musikken deira som ‘Son del nuevo milenio’ – son for det nye årtusenet, etter å ha sett dei opptre i Santiago de Cuba.  Og no skal dei sette hjarte og dansefot «i kok» på festivalpublikummet i Førde!

Konsertar:

lørdag 8 jul 2017 23:00
Afro-karibisk dansefest!
Festivalsalen, 4. etg Scandic Sunnfjord Hotel & Spa, Førde

CubaTorill Faleide