Arvesølvet

 

Lyden av fortida som kjelde til kreativitet og nyskaping

Har Sogn og Fjordane ein eigen klang? Og kva skjer når fire musikarar får utforske og leike med musikk frå fylkesarkivet si samling med meir enn 16 000 historiske lydopptak?

Musikarane Erlend Apneseth, Øyvind Hegg-Lunde, Hilde Marie Holsen og Linda Gytri vitja i starten av mars fylkesarkivet for å gjere djupdykk i musikksamlinga. Her finst det opptak av utøvarar fødde for nærmare 150 år sidan, og spennet er stort: Frå gravferdssalmar og bånsullar til kulokk, polka og griseviser – framført på alt frå sag til trekkspel.

No skal dei fire musikarane som til vanleg arbeider innan ulike musikalske landskap framføre resultatet av vårens inspirerande skattejakt. Dei har pussa støv av arvesølvet, og laga ny musikk både kvar for seg og samen. Det store spørsmålet er: Har dei funne klangen av Sogn og Fjordane?

 
 
 

Erlend Apnseth fele
Linda Gytri trekkspel
Hilde Marie Holsen trompet
Øyvind Hegg-Lunde tromme, perkusjon

Prosjektet er eit samarbeid mellom Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane og Førdefestivalen, og er støtta av Norsk kulturråd og Fond for utøvende kunstnere.

 
 
kulturraadet_sort_stor.jpg
fylkesarkivet_midtstilt.jpg
FFUK_Logo.jpg
 
 

Konsertar:

fredag 7 jul 2017 12:00
Arvesølvet
Høgsalen, Sogn og Fjordane Kunstmuseum

NorgeTorill Faleide