Annbjørg Lien og Roger Tallroth

Foto: Nesser

Foto: Nesser

Nordisk samspel i stjerneklasse

Annbjørg Lien er ein av våre aller største eksportartiklar innan folkemusikk og verdsmusikk. Den svært etterspurde felespelaren frå Mauseidvåg på Sunnmøre, er vaksen opp med ein fot i folkemusikken og ein i den klassiske fiolinmusikken, og kryssar musikalske sjangergrenser med den største eleganse. Ho har samarbeidd med ei lang rekke musikarar frå inn- og utland, og har gjeve ut fleire album som av mange vert karakterisert som «verdsmusikk».

Svenske Roger Tallroth er ein unik folkemusikk-gitarist. Han er oppfinnsam som få, og hans måte å blande bassgangar med komp, med- og motstemmer, er eit varemerke. Han har også utvikla sin heilt eigen måte å stemme 12-strengaren sin på, ein metode som andre gitaristar verda rundt har plukka opp og brukar.

Ein konsert med Annbjørg Lien og Roger Tallroth er ei fargerik og grensesprengjande oppleving, der du aldri heilt veit kva du får eller kva vegar musikken tek. Det einaste du kan vera sikker på er at du får det beste, av dei beste.

Annbjørg Lien fele
Roger Tallroth gitar
 

Konsertar:

søndag 9 jul 2017 11:30
Annbjørg Lien & Roger Tallroth
Teatersalen, Førdehuset


Norge, SverigeTorill Faleide