Aissa Tobi

 

Aissa Tobi lærde å spele tradisjonsmusikk av bestefaren sin tidleg i barneåra. Musikken han spelar vert kalla Gnawi, som er ein lokal variant av Gnawa. Gnawa er kjend som transemusikk og har vorte brukt i healingritual i Nord-Afrika. Musikkforma har eksistert i svært lang tid, og er eit resultat av møtet mellom islamsk sufi, vestafrikanske tradisjonar og musikken til berberane, urfolket i Marokko.

Alt som 10-åring opptredde Aissa for andre born og vaksne på skular og på festdagar i heimbyen. I ungdomsåra levde han som profesjonell musikarar i Marokko før han flytta til Norge i 1988. Aissa bur i Oslo og har blanda tradisjonsmusikken sin med vestleg musikk. Han er i dag ein spennande songar og musikar med mange prosjekt og sitt eige band, Tassili.

Aissa Tobi har turnert mykje med Kulturtanken (tidl. Rikskonsertane), og på Morgonstund har gull i munn-konsertane får dei yngste festivalpublikummarane sjanse til å møte Aissa og hans spennande historier på nært hald.

 

Konsertar:

 
 

onsdag 5 jul 2017 09:00
Morgonstund har gull i munn - Gratis!
Solsida barnehage, Haugum, Førde

torsdag 6 jul 2017 09:00
Morgonstund har gull i munn - Gratis!
YTRE HAFSTAD barnehage, Førde

fredag 7 jul 2017 09:00
Morgonstund har gull i munn - Gratis!
Tussero, Vieåsen barnehage, Førde

MarokkoTorill Faleide