VÄRTTINÄ – Finland

SS_20140630_Paanajarvi_Varttina_7732-viena_style - Seppo Samuli (2).jpg

Sjølve kronjuvelane i finsk folkemusikk og verdsmusikk

Värttinä er sjølve kronjuvelane i finsk folkemusikk og verdsmusikk, med ei historie som går 30 år tilbake i tid. Det heile starta som eit barneprosjekt i Rääkkylä. Det internasjonale gjennombrotet kom i 1991 med plata «Oi Dai». Med sylskarpe vokalharmoniar som varemerke, har Värttinä erobra verda med plateutgjevingar og hundrevis av konsertar. Den særeigne vokalstilen er også i fokus på gruppa si 13. plate som har tittelen «Viena» (2015). Albumet vart umiddelbart varmt omfamna både av nasjonal og internasjonal presse.

Plata er inspirert av Värttinä si reise til landsbyane i Viena Karelia, eit område rett innanfor den russiske grensa til Finland, kjent for sine urgamle songtradisjonar. På reisa si møtte songarane i Värttinä lokale rune-songarar, dei siste representantane for ein kultur som går tusen år tilbake i tid. Det er her grunnlaget for den finske Kalevala-diktinga ligg, diktinga som hadde ein sentral plass i den finske frigjeringsprosessen. I tillegg til sterke møte med gamle tradisjonar, gav dei mektige naturopplevingane på reisa stor inspirasjon for Värttinä. Plata «Viena» er rett og slett ein hyllest til området der Värttinä på mange måtar fann tilbake til sine viena-karelske musikalske røter.

Marie Kaasinen Paaso – vokal, kantele
Susan Aho – vokal, akkordeon
Karoliina Kantelinen - vokal, kantele, fløyte
Matti Kallio – akkordeon, fløyte
Lassi Logren – fele, nyckelharpe
Matti Laitinen – gitar

 

Konsertar: 


Torsdag 7. juli 23.00 Sommarnatt på Jølster
Jølstramuseet


Fredag 8. juli 13.30 Värttinä
Festsalen, Førdehuset