Trio Madeira Brasil - Brasil

Trio Madeira Brasil

Trio Madeira Brasil

Meisterleg strengetrio frå Brasil

Trio Madeira Brasil er resultatet av at tre virtuose musikarar slår seg saman for å levere energisk og raffinert musikk. Repertoaret deira er ei blanding av klassisk og folkemusikk, med aller størst vekt legg dei på den brasilianske choro-tradisjonen. Du finn også spor av andre sjangrar i musikken deira.  

Trioen si første plate fekk ei overstrøymande mottaking av publikum og presse, og vart sett på som den beste instrumentalplata i Brasil det året, og Trio Madeira Brasil vart heidra med i pris for «Beste CD» og «Beste gruppe» på Sharp Award-utdelinga. Juryen hevda at dette måtte vere den beste choro-plata som nokon gong hadde kome ut! Sidan har det gått slag i slag, med det eine store oppdraget etter det andre både i Brasil og i elles i verda. I 2013 vart Trio Madeira Brasil inviterte til den store Ravenna-festivalen, der dei varma opp for Egberto Gismonti and Naná Vasconcelos.

Om du vil oppleve tett og meisterleg strengespel på årets festival, er det berre å sikre seg billett til Trio Madeira Brasil – dette er musikkunst!

Ronaldo do Bandolim - mandolin
Marcello Gonçalves - 7-strengs gitar
Zé Paulo Becker - akustisk gitar

 

Konsertar: 


Laurdag 9. juli 20.30  Festivalgalla
Idrettshallen, Førdehuset


øndag 10. juli 13.00 Trio Madeira Brasil
Høgsalen, Sogn og Fjordane Kunstmuseum