Terje Isungset: Arctic Ice Music

NY PRODUKSJON!

Unikt møte med arktisk musikk

Det er lov å ha store forventningar når Førdefestivalen for aller første gong kan ønskje velkomen til konsert med verdas einaste ismusikar, Terje Isungset. Det er 16 år sidan han gjorde ismusikk til si «greie», og i løpet av desse åra har han spelt på isinstrument meir eller mindre over heile verda, og ikkje berre vinterstid. Isinstrumenta hans tåler også sommartemperaturar – over ei viss tid.

Denne nye produksjonen skapt for og i samarbeid med Førdefestivalen, vert eit eventyrleg møte mellom urfolk frå Canada, Tuva og Sameland – og musikken deira. Saman vil dei seks musikarane utforske musikken hos urfolk som lever tett på is, snø og kulde. Vi blir invitert inn i eit nytt univers, der mutimedia-effektar og musikken frå Isungset sine is-instrument bokstaveleg tala smeltar saman med særeigne stemmer frå tre kontinent, og tonar frå munnharpe, igil, byzaanchi, og shoor.

Terje Isungset - isinstrument
Beatrice Deer & Evie Mark – strupesong
Sara Marielle Gaup Beaska - joik
Radik Tyulyush (Huun-Huur-Tu) – strupesong, munnharpe, igil, byzaanchi (feler), shoor (fløyte) m.m.
Maria Skranes - vokal

 

Konsert:


Fredag 8. juli 16.30 Terje Isungset: Arctic Ice Music
Storsalen, Førdehuset