Syriske Bøner - Syria

Foto. Marianne Lystrup

Foto. Marianne Lystrup

Kirkelig Kulturverksted og Førdefestivalen i samarbeid om ny produksjon.           

Bli med på ei mektig og eksotisk tonereise til eit herja området inst i Middelhavet, til eit Syria, som er i ferd med å gå i full oppløysing kulturelt og religiøst. I hopetal søkjer flyktningane ly i andre land og freistar å halde dei gamle tradisjonane sine i hevd. Til dømes i Libanon, der mange har funne tilhald i ulike kyrkjer og moskear tilhøyrande same trusgrein som dei hadde der dei kom frå. Omlag kvar fjerde person i Libanon er no ein flyktning.

– Syria er eit døme på eit land der eit stort religiøst mangfald har eksistert gjennom fleire hundreår utan store konfliktar. Ikkje før no i nyare tid. Vi vil gjennom konserten i Førde kyrkje gje ei oppleving av dette religiøse mangfaldet som er sterkt knytta til rike musikktradisjonar, seier Erik Hillestad, som er produsent for konserten.

Han har søkt røystene i Libanon, som også er eit land med lange tradisjonar for fredeleg sameksistens mellom ulike religiøse samfunn. Han har gjort opptak av songen hjå maronittane, dei syriskortodokse, armenarane, kaldearane, assyrarane og muslimske imamar. I tillegg til å vera utgangspunkt for konserten i Førde, skal Syrian Prayers koma ut på plate på Kirkelig Kulturverksted (KKV) til hausten.

 

Medverkande i konsertproduksjonen: 

Muslimsk chanter:
Dr. Hassan Merheb

Sunnimuslimsk chanter:
Mansour Zaytir

Kor frå den Syrisk Ortodokse kyrkja:
Father Jaques Hana - liturg
Aboud Zino – oud og vokal
Charbel Khamis
Samer Tomas Kassab
Antoine Zeino

Kor frå den Assyriske kyrkja:
Jack Jendo
Elena Benyamin
Mirna Samuel Ep. Charles David
Ninos Aude
Sargon Zomaya

 

Rundebordskonferanse

Fredag 8. juli 12.00-14.00
Musikkrommet (2. etasje), Førdehuset
Fri entré 

Prosjektet inneber også ein rundebordskonferanse der vi stiller spørsmålet om vilkåra for religiøst mangfald i ein region i oppløysing. Kva er utfordringane? Kva kan representantane for dei ulike religionane bidra med for å vise at dei anerkjenner kvarandre?  Kan ein trekke røynsler frå andre land, t.d. Norge, når det gjeld modellar for religionsdialog? Her møter du mellom andre Bushra Ishaq, norsk-pakistansk samfunnsdebattant, forfatter og skribent, kjend for sitt engasjement for interrreligiøs - og interkulturell dialog, som ho òg fekk Fritt Ord-prisen for i 2010. Deltakararar i kyrkjekonsertproduksjonen vert også med, saman med moderator Erik Hillestad frå Kirkelig Kulturverksted.

 

Prosjektet syriske bøner er støtta av fritt ord

Prosjektet syriske bøner er støtta av fritt ord

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Konsert:


Fredag 8. juli 21.30 Syriske bøner
Førde kyrkje