Sulla meg litt du mamma mi.. – grenselause voggesongar

foto: Arve ullebø

foto: Arve ullebø

Same kvar vi kjem frå i verda, syng vi for borna våre

Velkomen til eit møte med songtradisjonen som representerer eit fellesskap som går på tvers av alle kulturelle, religiøse og geografiske skilje: Voggesongane. Same kvar på kloden vi veks opp, om vi er fattig eller rik, muslim eller kristen, syng vi for borna våre. Desse songane er ein skatt vi ber med oss gjennom livet, også dei som vert tvinga på flukt frå heimlanda sine.

I denne timen let songar Kari Malmanger og innvandrarkvinner i Sunnfjord voggesongar frå Iran, Sri Lanka, Afghanistan, Eritrea og Syria møte bånsullar frå Hardanger og Sogn. Vi får kjenne på det menneskelege fellesskapet og den grenselause songgleda – og kanskje får vi lære oss ein ny voggesong eller to?

Musikalsk leiar: Kari Malmanger

Dette er deltakarane i voggesongprosjektet: 

Abeer Samir Zagout  - Palestina/Florø
Hayat Zarrouk - Marokko/Florø
Ahlam Babiker - Sudan/Florø
Malarvily Jeikishan - Sri Lanka/Florø
Monne Cool - Syria/Førde
Roba Alserhan - Syria/Førde
Kedesti Kedest - Eritrea/Fjaler
Yeganeh - Iran/Førde
Meshet Medhn - Eritrea/Fjaler
Selemawit Mehari - Eritrea/Fjaler
Surepom A. Eriksen - Thailand/Førde
Yalemgemet Alemrew - Eritrea/Førde
Merrin Anthonipillai - Sri Lanka/Florø

 

I samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune/Jorunn Bakke Nydal.