Sindre & Co – Norge

Glade gutar frå det blide Vestland

Sindre og Co er eit vestlandsbasert orkester med glimt i auga. Sidan oppstarten har dei jobba med å dyrke fram ein fenomenalt god dansetakt, noko som vekte stor åtgaum då dei vitja Osafestivalen i fjor haust. Orkesteret består av tre durspel, bass og gitar, og saman har dei klart å utvikle eit uttrykk der danseappellen står i høgsetet. Dette resulterte i at dei vart vestlandsmeistrar i gamaldans i 2015. God stemning og godt driv er to viktige ingrediensar i samspelet. Dei speleglade karane lovar å yte sitt aller beste for å gje deg danseglad musikk i fleire stil- og taktartar!

  

Styrmann: Sindre Fotland - durspel
1. Lettmatros: Anderas Kollvangsnes -  durspel
Drivanker: Kristoffer Kleiveland - durspel, bass
Los: Tormod Kleiveland - gitar
Blindpassasjer: Eirik Njåstad - durspel, bass