SambaSunda – Indonesia

SambaSunda

SambaSunda

Samtidsgamelan med snert!

Med multi-instrumentalisten Ismet Ruchimat i spissen har ein ny musikargenerasjon teke på seg å modernisere indonesisk folkemusikk. SambaSunda kjem frå Bandung, kulturhovudstaden på vest-Java, mest kjend under namnet Sunda.

Med gamelan som berande instrument og lokale tradisjonar som utgangspunkt har SambaSunda som mål å skape eit urbant sundanesisk folkemusikkuttrykk. Musikarane, som i stor grad kjem frå det same kreative kunstmiljøet rundt kunstskulen STSI, låner element frå musikkstilar både frå Jakartas kroncong, Sundas jaipong, kebyar frå Bali og sambatakter frå Brasil. - Folkemusikk og tradisjonar treng impulsar og kreativitet for å halde seg levande. Vi ønskjer å gjere tradisjonane våre tilgjengeleg for vår tid, seier Ruchimat, som saman med SambaSunda har skapt det som i dag blir sett på som det mest spennande musikkuttrykket i det indonesiske øyriket i dag.

Det er vakkert og fargerikt, både musikalsk og visuelt. Repertoaret er variert i styrke og intensitet, og dansaren gir ein ekstra dimensjon til opplevinga. 

 

Ismet Ruchimat - kacapi 1 (sundanesisk zither) 
Atang Suryaman - Kendang (sundanesisk tromme)
Adit Kosasih - saron, kacapi 2
Ganjar Purnama Wildan - rebab, suling og tarompet
Hirdzan Maulana Ruchimat - bonang, kecrek
Nani Sukmawati - vokal
Uum Sumiati - dans

 

Konsertar: 


Fredag 8. juli 15.00  SambaSunda
Teatersalen, Førdehuset

Laurdag 9. juli 20.30 Festivalgalla
Idrettshallen, Førdehuset