Romengo - Ungarn

Syng ut sorger og gleder til ein frydefull fest

Tyngdepunktet i Romengo sin musikk ligg i olah-tradisjonen - sigøynarmusikken på landsbygda, der dei fleste av musikarane har røtene sine. Då dei i ung alder kom til hovudstaden, fekk dei nærkontakt med den ungarske strengemusikken, og med andre stilartar og sigøynartradisjonar frå andre deler av Europa. Alt dette ligg til grunn for det som i dag er Romengo sitt eige musikkuttrykk. Gjennom sine ti år lange karriere, har Romengo turnert i meir enn 20 europeiske land, og begge platene deira har vore på blant topp-ti på World Music Charts Europe.

Som instrument tek dei i bruk både mjølkespann, skeier og trau, akkurat som i tidlegare tider, og med den prisvinnande vokalisten og dansaren Mónika Lakatos i front, har ikkje Romengo problem med gjenskape stemninga frå den gong alle i familien, ja, heile landsbyen, samla seg rundt bålet eller på torget, og song ut sine sorger og gleder i ein jublande, frydefull fest! 

Mónika Lakatos – vokal, dans
János "Guszti" Lakatos - oralbass, tinnkanne, dans
Mihály István Kovács - fele       
Mihály "Mazsi" Rostás - vokal, gitar, oralbass
Csaba Novák - bass
Tibor Balogh  - vokal, cajun

 

Konsertar: 


Torsdag 7. juli 19.30  Opningkonsert: På flukt!
Idrettshallen, Førdehuset

 

Fredag 8. juli 23.00 Sigøynarfest på Festplassen: Mahala Rai Banda og Romengo
Festplassen (Ved dårleg vêr vert konserten flytta til Scandic Sunnfjord Hotel & Spa)