Raymond Sereba: Rytme-eventyr

Barnekonsert med rytmar, forteljingar og glede!

Raymond Sereba er frå Elfenbeinskysten, men har budd i Norge sidan 1983. Han er dansar, musikar, skodespelar og forteljar, som særleg har markert seg med flotte program, konsertar og verkstadar for born i alle aldrar.

I Rytme-eventyr handlar det om bestevenene, Basil og Raymond. Som alle andre vert dei av og til uvenner. Ein annan ven av dei, edderkoppen Anansi, er ein type som prøver å lure folk for å få det slik han vil. Men edderkoppen endar som regel opp med å bli lurt sjølv, om han ikkje passar seg. Det skortar ikkje på forviklingar, små og litt større problem i denne venneflokken, så korleis klarer dei å løyse det, slik at dei framleis kan vere vener?

Raymond, Uriel og Charlotte brukar pantomime, forteljing, rytmer, musikk, song og rørsle for å fortelje om barndom, mødre og bestevener. Sjølv om det innimellom er litt dårleg stemning, blir alle glade til slutt – og det heile endar i ein stor fest der du òg får vere med!


Raymond Sereba - forteljing, perkusjon, dans, song
Uriel Seri - trommer, perkusjon
Charlotte Øster – forteljing, song

 

Konsertar: 


Fredag 8. juli 18.00 Barnekonsert: Rytme-eventyr
Teatersalen, Førdehuset            

Laurdag 9. juli 13.30 Kurs: Barneverkstad
Prøvesalen, Førdehuset