Morgonfrosken

Annlaug Børsheim, Ingemund Askeland og Mari Skeie Ljones.

Annlaug Børsheim, Ingemund Askeland og Mari Skeie Ljones.

Familiekonsert med morgonfrosksongar om eitt og hitt

Morgonfrosken syng songar om store spørsmål og emne som universet, tankane våre, einsemd og kjærleik, til nære og konkrete fenomen som vær og vind, fuglar og froskar. Musikken er inspirert av norsk folkemusikk, så her blir et både vals, halling, rudl og reinlender.

Tekstane er skrivne av Per Olav Kaldestad og henta frå boka ”Når Morgonfrosken syng” og musikken er laga av Annlaug Børsheim. Ho syng og spelar fele og gitar, og ho har med seg den banjospelande klarinettisten Ingemund Askeland frå Etne og felespelaren Mari Skeie Ljones frå Lillehammer.  Dei tre har turnert for Den kulturelle skulesekken i Hordaland og spelt ei rekke konsertar for store og små, og hausten 2016 kjem vert det morgonfrosk-plate.

I Førde vert konserten framført på Halbrendstølen, som ein del av Ut på tur, aldri sur-arrangementet festivalen har i samarbeid med Barnas Turlag. Og sidan vi er på stølen, kan det jo godt hende at det dukkar opp ekte morgonfroskar, kva veit vi?

Annlaug Børsheim – gitar, fele, vokal
Ingemund Askeland – klarinett, banjo
Mari Skeie Ljones - fele

 

Konsertar:


Onsdag 6. juli 17.00 Ut på tur, aldri sur
Halbrendstølen