Noency Mosquera & El Bongo de Bojayá - Colombia

El Bongo de Bojayá (5).jpg

Fargerike rytmar frå Colombia

Talet på internflyktningar i Colombia er høgare enn i noko anna land, med unntak av Syria, noko som skuldast at dei har ei av dei mest langvarige konfliktane i verda gåande i landet. Geriljagrupper og paramilitære bandar har jaga heile landsbyar på flukt. Ei av dei som måtte flykte, er Noency Mosquera. 6 år gamal slapp ho unna då paramilitære i 2002 drap 119 sivile i landsbyen hennar, Bojayá.

I vaksen alder har Noency Mosquera stått på barrikadane og kjempa afro-colombianarane si sak i Colombia; ho kjempa for å få tilbake landsbyen sin. For å få bygge den opp igjen. Og ho har gjort det med song og musikk; gjennom tekstar og ved å stå opp for ein kultur colombianske styremakter ikkje såg verdien i.

Trass den dystre bakgrunnen, er det framfor alt fargar og rytmar som dominerer når Noency Mosquera & El Bongo de Bojayá byr på sitt store og varierte repertoar frå Colombias Stillehavskyst: tamborito, porro, cumbia, chirimía og son chocoano; dette er musikk som gjer at du aller helst vil danse berføtt og nyte livet. Og kvifor ikkje?

Noency Mosquera Martínez  - vokal
Rock Lludson Montealegreio - klarinett (requinta)   
Iván Darío Rodríguez Posada – cymbalar (platillos)
Yiser Lozano Urrutia - Tambora (tromme)
José Elin Mosquera Castillo – klarinett, cymbalar (patillos)

 

Konsertar:


Torsdag 7. juli 19.30 Opningkonsert: På flukt!
Idrettshallen, Førdehuset


Fredag 8. juli 12.00 Lunsjkonsert: Noeny Mosquera & El Bongo de Bojayá
Terrassen, Førde rådhus


Laurdag 9. juli 23.00 Festivalnatt
Scandic Sunnfjord Hotel & Spa