Nishtiman – kurdisk Iran/Irak/Tyrkia

Kurdiske Nishtiman

Kurdiske Nishtiman

Forførande kurdiske rytmar

Kurdistan eksisterer; musikarane i Nishtiman er eit prov på det. Drivne av sann fryd feirar dei fellesskapet i det store mangfaldet: Kurdisk Irak, Iran og Tyrkia. Nishtiman er eit pionereventyr! Musikarane samlar seg rundt musikken, språket og kulturen til det kurdiske folk, medan politiske lover og nedarva historie alltid har skilt kurdarane. Vi kjenner til musikken frå dei fire hjørna som utgjer Kurdistan: Det søraustlege Tyrkia, nordaustlege Irak, nordvestlege Iran og dei syriske regionane.  Men dette aldri har vorte feira som kurdisk musikk. Symbolikken rundt dette er sterk og rørande, men det mest gripande er likevel kvalitetane i sjølve musikken, med sine forførande danserytmer og vakre ballader.

Nishtiman er eit orignalt prosjekt som går lenger enn å vere eit vitne om eit folk. Musikarane ivrar etter å vise sin felles arv og få fram det spennande mangfaldet i kurdisk kultur. Dei utforskar fasettane i musikken som vert spelt i dei kurdiske fjellområda; frå populær og livleg dansemusikk, til mjuke og poetiske sufi-melodiar. 

Sorhrab Pournazeri - vokal, kamanche
Ertan Tekir - fløyte
Robin Vassy - perkusjon
Hussein Zawahy - perkusjon
Donya Kamali - vokal, tanbour
Mahyar Toreihi - santor

 

Konsertar: 


Torsdag 7. juli 19.30  Opningkonsert: På flukt!
Idrettshallen, Førdehuset          

Fredag 8. juli 18.00 Nishtiman
Festsalen, Førdehuset