Navarra – Sverige

Navarra

Navarra

Svensk fest-folkemusikk

Med sitt energiske spel og eit originalt grep om den nordisk folkemusikken, kom Navarra som eit friskt pust inn i svensk folkemusikk i 2009. Første albumet deira, Nya Fönster (2012), vart nominert til Manifestpriset som årets folkemusikkalbum og årets nykommar på Folk- og Världsmusikgalan. Sidan har Navarra halde fram med å opne nye vindauge inn til folkemusikken. Musikken er både kompleks og enkel, vilter og var. Med nyskrivne tekstar har dei leia nytt publikum inn til ein sjanger elles prega prega av tekstar som for mange kan verke framande.

Prosjektet starta i Gøteborg, med Arvid og Sofia sin ambisjon om å lage musikk i lag. Inspirasjonen kom frå mange kantar, men tyngda låg i nordisk folkemusikk, og dei ville bruke det svenske språket. Etter litt eksperimentering fall alt på plass då Erika og Calle kom med i bandet, og Navarra fekk si noverande form. Kvartetten har særleg opparbeidd seg eit solid rykte som konsertband. I Førde er Navarra eitt av fire band du kan oppleve på Festivalnatt, laurdag kveld på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa.

Arvid Kästel - piano
Sofia Kunze - vokal
Erika Risinger - fele
Carl-Johan Groth - perkusjon

 

Konsertar: 


Laurdag 9. juli 23.00  Festivalnatt
Scandic Sunnfjord Hotel & Spa