Mor Karbasi

Mor Karbasi syng på ladino, eit språk som var i ferd med å døy ut.

Mor Karbasi syng på ladino, eit språk som var i ferd med å døy ut.

Spansk-jødisk førstedame

Mor Karbasi tok den globale verdsmusikkscena med storm med debutplata si i 2008.  Ho hadde alt; framfor alt ei stor stemme og ei fantastisk sceneutstråling. Ho er fødd i Israel - mora er frå Nazareth, med marokkanske aner, faren frå Jerusalem, med iransk familiebakgrunn. Det har gitt Mor Karbasi eit fleirkulturelt utgangspunkt, men den aller største arven har ho frå den jødiske kulturen.

Livet hennar er både historie, magi, glede og harde realitetar. Songane fortel, og tek oss på ei reise rundt Middelhavet. Til Marokko, Spania og Israel. Til ei tid og ein sivilisasjon som er borte for lenge, lenge sidan, og til det som er. Her og no.

Etter første plata, The Beauty and the Sea, vart Karbasi straks samanlikna med verdsstjerner som Mariza og Estrella Morente. Attpåtil bles ho med si fantastiske stemme liv i eit språk og ein kultur som var i ferd med å døy ut: Ladino. Musikken hennar byr på mange møte, men sterkast står det sefardisk-jødiske repertoaret med tradisjonelle jødiske songar og eigne komposisjonar. Elementa frå flamenco og fado er tydelege, og dragninga mot Spania vart til slutt så sterk at Mor Karbasi i 2012 flytta til Sevilla. -Eg ville vere der det heile byrja, seier ho. Spania er «heime» for desse songane. Det har eg ei sterk kjensle av.

 

MOR KARBASI - vokal
JOE TAYLOR - gitar
OREL OSHRAT - piano
AVRI BOROCHOV - bass
YSHAI AFTERMAN - perkusjon

 

Konsertar:


Torsdag 7. juli 19.30 Opningkonsert: På flukt!
Idrettshallen, Førdehuset


Fredag 8. juli 14.30 Møt artisten: Mor Karbasi
Utstillingssalen, Førdehuset


Fredag 8. juli 19.30 Mor Karbasi
Idrettshallen, Førdehuset