MAIRERAD GREEN & ANNA MASSIE - SKOTTLAND

Mairerad Green og Anna Massie. Foto: Ricky Frew

Mairerad Green og Anna Massie. Foto: Ricky Frew

Skotsk musikkdialog av beste merke!

Etter å ha spelt saman i meir enn ti år, har desse to multi-instrumentalistane lært kvarandre å kjenne inderleg godt. På scena har dei utvikla ein nærast telepatisk kommunikasjon, og resultatet er musikalske frukter som er «meir enn berre summen av to musikarar på scena» (The Scotsman).

Dei bur no i Glasgow, men har begge vakse opp i det skotske høglandet, og har ganske lik musikalsk bakgrunn (les: Begge hadde ein mandolinspelande far!), med den same grunnleggande forståinga for skotsk kultur og musikk.

You guys were killing it…amazing playing! (KT Tunstall)

Duoen har fire album på samvitet, som alle har fått svært positive omtalar både frå presse og publikum. Og – ikkje minst – det går gjetord om konsertane deira! I møtet mellom sal og scene vert det tette samspelet og den inderlege dialogen mellom dei to prisvinnande musikarane omsett i musikalske perler. Som publikummar kan du berre lene deg tilbake og nyte, for du er i dei beste hender.

Mairearad Green - trekkspel, sekkepipe, vokal
Anna Massie - gitar, banjo, fele, vokal

 

Konsertar: 


Onsdag 6. juli 20.00 Jigs, reels and beers - Mairearad & Anna
Kjellaren, Gloppen Hotell

Torsdag 7. juli 23.00 Jigs, reels and beers - Mairearad & Anna
Restaurant Hugleik, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa