Mahala Rai Banda

Mahala Rai Banda

Mahala Rai Banda

Feststemt sigøynarbrass frå rumenske forstadar

Dette 11-manns store bandet sin miks av hardcore balkanbrass, ispedd fele og trekkspel, opplevast best live – og det har du sjanse til under årets festival! Dette er sigøynar-roots anno 2016, der du fornemmer hovudgatene i Bucuresti, rumensk folkemusikk, litt dub og soul, og ein touch av tyrkisk og arabisk musikk.  Det heile vert ei festfylt energibombe som triggar både øyre og dansefot!

Det byrja med at musikarar frå landsbyar som Clejani (Taraf De Haïdouks) og brassmusikarar frå Zeci Prajine (Fanfare Ciocarlia) møttest og jamma i mahalaene, sigøynargettoane, utanfor hovudstaden.  Ryktet spreidde seg, og snart var det dei folk i Bucuresti ville ha til å spele i bryllaup og andre festar.  

Ryktet om den gode musikken spreidde seg også via kassettar til klubbar i Berlin, Brüssel, Barcelona og Wien, og la grunnlaget for Mahala Rai Banda sin suksess. Første album kom i 2005. Så gjorde dei filmmusikken (Mahalageasca) til Borat-filmen, og sidan har det gått slag i slag. Og enno er det ikkje slutt, for no står Førde for tur! Vi satsar på ein legendarisk sigøynarfest i parken på Festplassen.

 

‘Fast and furious dance floor work-outs with a rock-solid up tempo groove, frenetic horn riffs and punchy Roma scat singing.****Songlines

 

Aurel Bosnea - trombone
Daniel Alexandru Cretu - vokal                
Viorel Enache - altsaksofon            
Catalin Gheorghe - gitar           
Aurel Ionita - fele       
Florinel Ionita - trekkspel
Nicusor Manole - vokal              
Mihai-Nelu Margean - perkusjon 
Ciprian-Mircea Partenie - trombone           
Marian Tudor - bass

 

Konsertar: 


Fredag 9. juli 23.00   Sigøynarfest på Festplassen: Mahala Rai Banda og Romengo
Festplassen