La Bottine Souriante

La Bottine Souriante

La Bottine Souriante

 “The best band in the world”!  (Dirty Linen magazine)

Første gong La Bottine Souriante dukka opp på musikkscena I Quebec var så langt tilbake som i 1976 og dei er for lengst levande legender og eit omgrep ikkje berre I Canada, men i heile musikkverda. Bandet kan skilte med over ein halv million selde plater, dusinvis av prisar, og har toppa artistlistene på store festivalar verda rundt.

For mange er La Bottine Souriante sjølve definisjonen på folkemusikk frå Quebec. Basert på Quebec-tradisjonar har dei gjennom år utvikla sin eigen karakteristiske musikkstil som er lett gjenkjenneleg; Levande, energisk, tett og presis, og med ei uimotståeleg speleglede! La Bottine Souriante låner element frå stilar som jazz og salsa, men vitaliteten kjem først og fremst frå ein levande folkemusikktradisjon. Med La Bottine på scena, er det aldri tvil om kvar musikken kjem frå, og i Quebec er musikk det same som fest!  

La Bottine Souriante spelte på den aller første Førdefestivalen i 1990, og no er dei tilbake, i ei større utgåve, men med den same fantastiske musikken og spelegleda.   

Martin L'Anglais - vokal, trekkspel, fot-tapping, stepping
Simon Marion - vokal, fot-tapping, mandolin, bouzouki, gitar
Louis-Simon Laflamme-Lemieux - vokal, fele, fot-tapping, perkusjon
Jean-François Gagnon-Branchaud - vocal, fele, gitar, fot-tapping
Pierre “Pedro” Belisle - piano, trekkspel, trompet
François Marion - akustisk og el-gitar
Jean Fréchette - saxofon, perkusjon
Robert “Bob” Ellis - bass trombone
André Verreault - trombone
Jocelyn Lapointe - trompet
Sandy Silva - perkusjonsdans

 

Konsertar: 


Laurdag 9. Juli 20.30 Festivalgalla
Idrettshallen, Førdehuset


Laurdag 9. juli 23.00 Columbi Egg (Nokre medlemer av gruppa)
Restaurant Hugleik, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa


Søndag 10. Juli 15.00 La Bottine Souriante
Idrettshallen, Førdehuset