Jawana Thayaseelan

jAWANA tHAYASEELAN DANSAR I FARGESPILL - fOTO: hELGE HANSEN

jAWANA tHAYASEELAN DANSAR I FARGESPILL - fOTO: hELGE HANSEN

Jawana er frå Sri Lanka og kom til Førde i 2006. Ho har dansa Bharathanytyam, den tradisjonelle hinduistiske dansen sidan ho var lita jente. I Førde dansa ho på den tamilske kulturskulen, og seinare har ho fullført seks av åtte nivå hos danselærar Latha Ithayasegaran i Florø. Første gong Jawana dansa for eit stort publikum, var med Fargespill på Førdefestivalen i 2008, og sidan har ho vore fast med det bergenske kompaniet, og mellom anna dansa for to fulle hus i operaen.

-Bharathanatyam er for meg noko veldig spesielt og unikt – den er ein del av meg; den har skapt ein del av Jawana. Dansen er ein del av kulturen min, religionen min, og ikkje minst er den også ein viktig del av identiteten min, seier Jawana, som no er student ved Universitetet i Bergen. 

Jawana skal danse på årets opningskonsert under Førdefestivalen. 

 

Konsert:


Torsdag 7. juli 19.30 Opningskonsert: På flukt!
Idrettshallen, Førdehuset