Indre Sunnfjord Spelemannslag - Norge

Indre Sunnfjord Spelemannslag i aksjon på Jølstramuseet. Foto. David Bowen

Indre Sunnfjord Spelemannslag i aksjon på Jølstramuseet. Foto. David Bowen

Glødande tradisjonsrikdom

Indre Sunnfjord Spelemannslag har gjennom mange år markert seg som eitt av landets aller fremste spelemannslag, og driv aktivt med konsertar og dansespel. På merittlista står ei rekkje kappleikssigrar, og laget kan dessutan skilte med eit omfattande rekrutteringsarbeid innan spel og dans. Blant medlemmene er det fleire framståande solistar og grupper som har markert seg både lokalt og internasjonalt.

Musikalsk leiar: Ingrid Heieren

Medlemmer:
Rikhard Andersen, Hilde Bjørkum, Ragnhild Bjørkum Vassbotn, Gunhild Daling Korsøen, Ine Kjøsnes Raad, Dagunn Kjøsnes, Sigrid Hovden, Leon Årdal, Torkjel Bruland Lavoll, Anders Eikås, Elisabet Eikås, Sigmund Eikås, Asbjørn Fonn, Nils Helgheim, Anders Ripe, Knut M Sandal, Arnfinn Solheim, Terje Rune Vie, Joar Solheim, Leif Erik Stuhaug.