Huun-Huur-Tu - Russland

Huun-Huur-Tu

Huun-Huur-Tu

Overtonesongens superstjerner

Frå dei starta å turnere i vest, har Huun-Huur-Tu nærast på eiga hand, gjennom briljant kunstnarskap og solid handverk, introdusert den vestlege verda for dei fantastiske musikktradisjonane frå Tuva. Med utgangspunkt i dei store høgslettene i Altai-fjella sør i Sibir har dei gjennom fleire tiår finslipt overtonesongen, dei instrumentale finessane og den levande songskatten heimanfrå.

På scena kler dei seg i tradisjonelle drakter. I tett samspel etterliknar dei alle slags naturlydar; og gjennom dei galopperande rytmane på strengeinstrument og perkusjon, er det lett å sjå føre seg dei endelause sibirske steppelandskapa. Huun-Huur-Tu har sunge med verdsstjerner som Ry Cooder, Frank Zappa, The Chieftains, Johnny “Guitar” Watson, Kronos Quartet og L. Shankar. Røtene i tradisjonen er sterke, men Huun-Huur-Tu tek også inn impulsar frå einglobalisert tidsalder.  

Kaigal-ool Khovalyg – vokal, igil, doshpuluur
Radik Tyulyush – vokal, byzaanchi, khomuz, amarga
Sayan Bapa – vokal, doshpuluur, marinhuur, gitar
Alexey Saryglar – vokal, tungur (tromme), dazhaaning khavy (rattle)

 

Konsertar:


Laurdag 9. juli 18.30 Huun-Huur-Tu
Festsalen, Førdehuset


Laurdag 9. juli 20.30 Festivalgalla
Idrettshallen, Førdehuset


Søndag 10. juli 12.00 Huun-Huur-Tu
Rytne gard, Bygstad