Håkon Høgemo & Tom Karlsrud – Norge

Håkon Høgemo og Tom Karlsrud

Håkon Høgemo og Tom Karlsrud

PLATESLEPP

"Slåtteduoen" frå Sogn og Fjordane slepper si første plate

Dei kallar seg slåtteduo, og hentar repertoaret frå den gongen det reine hardingfelespelet rådde grunnen i Sogn og Fjordane, og særleg i Indre Sogn. Her, i små og nokså isolerte bygder, er mykje av spelet etter kjende spelemenn som Anders Sagen (Kvamsøy), «Skrangle-Jens» (Fresvik), Store-Vetle-Per» (Underdal) og Sigurd og Sjur Eldegard (Årdal), haldne oppe i ubrotne tradisjonar heilt fram til i dag. Ein av dei fremste tradisjonsberarane for denne musikken, er Håkon Høgemo. Han er òg ein av dei fremste hardingfelespelemenne i Norge i dag. Saman med Tom Karlsrud har han utvikla ein heilt eigen måte å spele desse slåttane på – i kombinasjonen hardingfele-akkordeon.

- Vanleg trekkspel med standardbass har ferdigkopla akkordar i venstre handa, noko som høver godt for enkelt "komp" og enkel funksjonsharmonikk, fortel Karlsrud. - Dette passar ikkje så godt til dei gamle slåtteformene og hardingfelespelet sine særeigne samklangar. Han nyttar difor akkordeon (med enkelt-tonar i begge hender) eller eit modifisert trekkspel der tersen i akkordane er kutta ut i dette samspelet med hardingfele. Klangane vert dermed «opnare», og det vert lettare å ta omsyn til slåttemusikken sine særeigne harmoniar i samspelet.

Håkon Høgemo - hardingfele
Tom Karlsrud - akkordeon/trekkspel

 

Konsertar:


Laurdag 9. juli 15.00 Konsert og plateslepp! Tom Karlsrud & Håkon Høgemo
Haarklousalen, Førde kulturskule