Gunnar Stubseid & Ale Möller – Norge/ Sverige

Gunnar Stubseid og Ale Möller

Gunnar Stubseid og Ale Möller

Svensk-norske legender

Ein sein nattetime under den aller første Falun Folkmusik Festival (1986), vart starten på eit livslangt venskap og samarbeid mellom multiinstrumentalisten Ale Møller og hardingfelespelemannen Gunnar Stubseid. Vi kan legge til banebrytande, for samspel mellom mandola og hardingfele har aldri vore vanleg kost innan folkemusikken. - Det slo meg med ein gong kor fint mandolaen smelta saman med hardingfela, seier Stubseid. Musikken min fekk ein ny dimensjon gjennom samspelet med Ale.

Begge platene deira, Rameslåtten (87) og Reisaren (97), vart nominerte til Spellemannprisen, og står fram som to verkelege klassikarar. Difor har dei nettopp kome ut i nytt opplag som dobbeltalbum under tittelen SPOR (Grappa).

Det er ei stor glede å kunne presentere to av pionerane i skandinavisk folkemusikk. Ein del av repertoaret er av god gammal årgang, men den legendariske duoen jaktar stadig på fornying, så nye slåttar blir det garantert også.

Ale Möller – mandola
Gunnar Stubseid – fele 

 

Torsdag 7. juli 23.00  Sommarnatt på Jølster
Jølstramuseet, Vassenden


Fredag 8. juli 13.30 Gunnar Stubseid & Ale Möller
Haarklousalen, Førde kulturskule - Førde kulturskule   


Fredag 8. juli  21.00 Columbi Egg. (Ale Möller solo)
Restaurant Hugleik, Scandic Sunnfjord Hotell.