Gjermund Larsen Trio & Nordic – Norge/Sverige

Nordisk folkemusikk på sitt ypperste

Dei siste åra har det vakse fram ei fellesnordisk folkemusikkscene med fellesnordiske prosjekt og folkemusikkgrupper. Nordisk folkemusikk som eit omgrep har vorte etablert, og er på veg til å bli ein eigen sjanger. Gjermund Larsen Trio og den svenske folkemusikkgruppa Nordic er tonegjevande utøvarar på denne scena, der dei har markert seg som to av dei aller fremste innan nyskapande og nykomponert folkemusikk i Norden.

No står dei to trioane på same scene, med utgangspunkt i Gjermund Larsen sitt spesialskrive verk for Oslo Internasjonale Kirkemusikkfestival 2015. Repertoaret omfattar også vise- og salmetonar eter spelemannen Hilmar Alexandersen frå Steinkjer, som er ei grunnleggjande inspirasjonskjelde når Gjermund Larsen komponerer musikk. Basis i musikken ligg i det dei to trioane representerer; det grenselause, med nordisk tradisjonsmusikk som viktig fundament. På konserten får du høyre dei to trioane i glitrande samspel, i tillegg til at dei framfører eige materiale kvar for seg. Dette er gull!


NORDIC

Nordic hadde 10-årsjubileum i 2015, og er ei av dei leiande og mest respekterte folkemusikkgruppene i Sverige. Med smittande speleglede og sjarm nyt dei stor popularitet både heime og ute. I 2011 vart dei kåra til Årets gruppe under Folk- og Världsmusikgalan i Sverige, og året før fekk dei prisen for Årets samspel

Med utgangspunkt i folkemusikken har Nordic har skapt sitt eige, moderne uttrykk; musikk som flyt av garde, full av klangar, rytmar, groove, spontanitet og kreative innfall.

Trions nykomponerade moderna folkmusik och ekvilibristiska spel hör till det mest vitala och intelligenta som genren i dag kan uppvisa. (Arbetarbladet)

 

Anders Löfberg - cello, fele
Erik Rydvall - nyckelharpe
Magnus Zetterlund - mandolin


GJERMUND LARSEN TRIO

Gjermund Larsen Trio har 10-årsjubileum i år, og har sidan starten etablert seg som leverandørar av musikk som treffer oss rett i sjela. Det er enkelt og rørande. Vakre melodiar i vakre harmoniar. Dei tre musikarane har eit musikalsk spekter som går frå tradisjonsmusikk til samtidsmusikk, via jazz, pop og barokk. Element frå alt dette smeltar saman i trioen sitt musikalske avtrykk. Tre platar har det vorte: Ankomst (2008), som dei vann Spellemannpris for, Aurum (2010) og Reise (2013) - den fjerde er på veg. 

Det er likevel Larsen og hans utrolige felespill som er selve rosinen i en allerede gulla god pølse. Både gjennom det rent komposisjonelle, og gjennom en enorm innlevelse, beviser han nok en gang seg selv som en av landets fremste innen sitt felt. (Trønder-Avisa)

Gjermund Larsen - fele
Sondre Meisfjord - kontrabass
Andreas Utnem – piano, trøorgel

 

Laurdag 9. juli 17.00 Gjermund Larsen Trio & Nordic
Storsalen, Førdehuset 


Laurdag 9. juli 23.00 Columbi Egg (Nordic)
Restaurant Hugleik, Scandic Sunnfjord Hotel