Geirr Lystrup - Norge

Geirr Lystrup er oppvaksen i Vinje i Telemark, men no busett ved Mjøsa. Han er ein av våre mest folkekjære og allsidige visesongarar og tekstforfattarar, og kan skilte med heile fem Spellemannprisar! Den siste fekk han for barneplata Sangen om Yebo. Geirr Lystrup har også skrive forteljingar og drama, eit av dei mest kjende er kanskje Brakar og Joanna. Som tekstforfattar har han eit langt samarbeid med Per Oddvar Hildre og Det norske kammerkor. Når Geirr Lystrup ikkje står på scena eller skriv, er han ein ivrig friluftsmann, eller han dyrkar sin lidenskap som bordtennisspelar!

Geirr er årets konferansier på festivalgallaen, saman med Camilla Granlien. 

 

Konsertar:


Laurdag 9. juli 20.30 Festivalgalla
Idrettshallen, Førdehuset