Federspiel – Austerrike

Federspiel

Federspiel

Virtuost brassband med eigen sjanger

Det var under musikkstudier ved konservatoriet i Wien dei sju medlemene fann saman – i Federspiel. I byrjinga spelte dei ganske enkelt folkemusikk frå Austerrike og naboland, men etter kvart tok kreativiteten overhand, og i dag stiller dei i ein heilt eigen klasse, med sin eigen musikkstil; som rett og slett kan kallast «federspiel». Dei er eit blåseensemble, men det er ikkje noko i vegen med songstemmene deira heller! Og det heile kjem i ei fantastisk innpakning av spontanitet, improvisasjon, leik og sjølvironi. Musikalsk teft og mot ligg bak; og solid musikalsk handverk i arrangement og presisjon.

Repertoaret er inspirert av musikk dei sju har med seg heimanfrå. Her er det både mazurkaer, csárdás, folkeviser og jodling. Konsertar med Federspiel er dessutan ei oppvisning i speleglede og varm scenesjarm. Federspiel er god musikk – for folk i alle aldrar!
 

Frederic Alvarado-Dupuy - klarinett, vokal
Simon Zöchbauer - trompet, flygelhorn, sitter, vokal
Philip Haas - flygelhorn, vocal
Ayac Jimenez-Salvador - trompet, flygelhorn, vokal
Thomas Winalek - trombone, basstrompet, vokal
Matthias Werner - trombone, vokal
Roland Eitzinger - tuba, vokal

 

Federspiel sin konsert på Førdefestivalen er støtta av: 

 

 

 

 

 

 

Konsertar: 


Laurdag 9. juli 15.00   Federspiel
Festplassen